Dei 10 bud for webdesign

Eg kom over ein artig artikkel i BusinessWeek for nokre veker sidan, og tenkte at eg skulle dele den med det norske webdesign miljøet. Men i staden for å berre sende ei lenkje, oversette eg den like godt (nokså fritt) til norsk. De kan lese original artikkelen her: The 10 commandments of Web Design

Artikkelen har mange gode punkter, og enkelte som kanskje ikkje er like viktige; de får avgjere sjølve.

1. Du skal ikkje misbruka Flash

Adobes populære webanimasjonsteknologi kan køyre alt frå store overdådige webkampanjar for dei største merkevarene, til masseproduserte, og til dels irriterande, bannerannonser for «kiosken på hjørna». Teknologien kan dog lett bli overdriven, med unødvendig animasjon som forstyrrar brukarvennlegheten og senkar brukaropplevinga.

2. Du skal ikkje gøyma innhaldet

Mange nettstader er avhengige av annonseinntekter for å overleve. Men brukarvennlighetsforskarar hevdar at popup-vindauger og annonser i full-skjerm øydelegg for innhaldet og aukar sjansen for at brukaren ikkje kjem attende. Bruk heller annonser som må aktiverast av brukaren, disse forstyrrar brukaropplevinga mindre.

3. Du skal ikkje rota

Internett er kanskje tidenes største arkiv, men nettstader med lite orden og dårleg struktur på innhaldet gjer det vanskeleg å finne fram i mengda. Amazon.com og andre store informasjonsportalar vektlegg informasjonstruktur sterkast på prioriteringslista for design.

4. Du skal ikkje overdriva bruken av glassrefleksjonar

Apple set ofte standarden for kva som er «stilig» og «kult» innan design. Men enkelte hevdar at deira bruk av «glassrefleksjonar» under produktbileta er no blitt hyppig kopiert og dermed gjort effekten til en klisjé.

5. Du skal ikkje namnngi di web 2.0 teneste med for mange eller for få vokalar

«Web 2.0»-bølga har teke med seg ein sær ordlyd når det gjeld namngiving. «Hippe» og «kule» nettstader har ofte hatt namn med for mange vokalar eller strategisk fjerna vokalar i ordet, to dømer: Flickr og Meebo. Namna er originale, men er dømde til å høyres utdaterte ut.

6. Du skal tilbe typografiens alter

Sjølv om breiband har blitt stadig meir utbredt og ein ikkje lenger treng å stille strenge krav til størrelsen på grafikk og video på internett, har rein tekst fått vind i segla i det siste. Sider som Craigslist leier an i bruken av rein tekst, medan designorienterte nettsider som Coudal Partners og Daring Fireball representerar spydspissane innan webdesign trenda.

7. Du skal skape ei oppslukande oppleving

Å berre lage webdesign som ser bra ut er ikkje lenger godt nok. Sider som Facebook og Youtube tiltrekker seg store mengder besøkande grunna deira kombinasjon av overveldande innhald og funksjonalitet. Å skape ei nettside som både fangar og held på besøkjaren sin oppmerksomhet er det viktigaste du gjer.

8. Du skal være sosial

«Web 2.0» er overalt, det som starta med MySpace, Facebook og liknande «web 2.0»-tenester er ikkje lenger forbeholdt reine sosiale nettportalar. No er det bruk av brukargenerert innhald i alt frå «smarte» kampanjenettsider til smarte nettaplikasjonar for næringslivet.

9.  Du skal omfavna nye konvensjonar

Wikipedia, YouTube, Facebook og liknande nettsider er blitt ein del av vår daglege rutine. Ved å ta i bruk element frå disse «rutinenettsidene» kan dette føre til at brukaren finn større meining i nettsida, då han kjenner seg i brukargrensesnittet.

10. Du skal gjere innhald til kongen (content is king)

Slagordet er gamalt, men det held stand framleis! Estetikk kan berre kome så lagt, estetikk kan ikkje vege opp for at ei nettside ikkje har innald.

2 Replies to “Dei 10 bud for webdesign”

Comments are closed.