9 nettsider en webdesigner skal kjenne til

9 webdesign linker en webdesigner må vite om

Her får du presentert 9 nettsider du skal kjenne til om du er interessert i webdesign ( og hvis du ikkje alt gjer det, så er det gode nettsider å besøke på jevnleg basis). Eg brukar sjølv aktivt disse sidene til å finne inspirasjon og oppdatere meg på nye ting som skjer i markedet.


Smashing Magazine

Webdesign inspirasjon Smashing Magazine

Dette må være «the holy grail» av nettsider for folk som er interresert i design, webdesign og webutvikling. Smashing Magazine er din innfallsport til alle dei gode ressursane på webdesign, dei lenkjer alltid til det du treng å få med deg på nettet.

Dei har nye saker på dagleg basis, og sakene er alltid interessante. Dei er spesielt flinke til lage store artiklar med inspirasjon. Eg oppdaga dei første gongen då dei presenterte 83 moderne CSS menyar, og dei siste åra har dei berre fortsatt å imponera meg gong etter gong. Eg kunne egentleg skrive ein heil artikkel berre om denne eine sida, men 9 nettsider må ha større tabloid appell 😉

A List Apart

Webdesign inspirasjon A List Apart

Dette er vel den eigentlege «holy grail» for webdesign, for her er jo faktisk innhaldet hellig. Dei store profetane Zeldman, Meyer, Santa Maria osb. preikar om webstandardar og får i gong dei gode diskusjonane på nettet omkring brukarvennlighet, webdesign, prosjektstyring, arbeidsflyt og webindustrien ellers. God ressurs for «langlesing».

Web Designer Wall

webdesign inspirasjon webdesigner wall

Litt mindre skala enn Smashing Magazine, men har mykje bra innhald. Byggjer meir på eige innhald enn Smashing Magazine, som stort sett samlar og presenterar lenkjer. Her finn du informasjon om nye trendar innan webdesign og alt fra webdesign tutorials (eit bra norsk ord for tutorials nokon?) til innføring i søkemotoroptimalisering for webdesignere. Ikkje like flinke å oppdatera som Smashing Magazine, men nye artiklar omtrent kvar 10. dag.

Veerle’s blog

webdesign inspirasjon veerles blog

Den personleg-proffesjonelle bloggen til den kvinnelige belgiske webdesigneren Veerle Pieters. Mange gode artiklar om alt frå illustrasjonar og gode fontar til triks publiseringsløsningen Expression Engine og korleis du kan kode betre CSS og XHTML.

CSS Globe

webdesign inspirasjon css globe

Brukargenererte artiklar om webdesign og webstandardarar. Mykje bra innhald, og ofte nye artiklar, mange dagleg. Då det er brukarane sjølv som skriv artiklane er det sjølvsagt ikkje alt som er like bra, men du vil alltid finne noko nytt.

Behance Network: Gallery

webdesign inspirasjon behance

Om du er ute etter inspirasjon, så er dette plassen! Her finn du alltid flotte showcaser frå arkitektar, fotografar, illustratørar, grafiskedesignerar og webdesignerar.

Digital Web Magazine

webdesign inspirasjon digital web

Dette må være eit av dei første store nettmagasina for webdesign og webutvikling. Dei har holdt på sidan 1994 og eg hugsar at eg var innom dei første gongen for mange år sidan, då tabellar var heitt på nett! Men dei held koken og skriv kvalitetsartiklar, dei fleste er innsendte av andre proffesjonelle webdesignarar og webutviklarar. Dei er spesielt gode på informasjonsarkitektur, men skriv også om alt frå logoar til css.

Design Float

webdesign inspirasjon design float

DesignDigg, Digg-klon som tek for seg emnet design. På Digg er det så mykje lenkjer og kategoriar at eit lite emne som design lett kan drukne i massane. Då er Design Float genial, her finn du kun lenkjer som er designrelaterte. Det er ikkje svært mange brukarar enda, men eg mistenker at det er like mange brukarar som vår norske «store» Digg-klon Kudos.

Styleboost

webdesigner inspirasjon norsk styleboost

Webdesign galleriet over alle webdesign galleri for min del. Norske Johan Bakken har gitt oss dei flottaste webdesign lenkjene heilt sidan 2001. Eg har fulgt bloggen sidan 2002, men dei siste åra har det vore litt lite aktivitet der. Det tek kanskje nokre veker før dett kjem noko nytt, men det du finn er alltid kremen av webdesign. Mange av dei nyare inspirasjonssidene går litt for mykje for kvantitet, her har du kvalitet.

7 comments

Comments are closed.