Webdesign trender: flash-karusell-galleri-tekst-meny?

Flott tittel! Eg er berre litt usikker på kva eg skal kalle dette for, og er open for betre forslag. Disse flash-karusell-galleri-tekst-menyane er i allefall fine og eg likar godt å navigere i dei. Eg såg dei første gongen hos Apt men no som eg også har sett noko liknande hos det «nystarta» byrået Magma så må det jo være ei trend.

Eg kan berre tru at dei kjem til å dukke opp fleire stader innan kort tid, kanskje dei allereie er der ute? Har du sett fleire slike navigasjonsløysingar på gallerier med menypunkt karusellar, sei i frå!

Teknologisk er begge disse to eksempla laga i Flash, men ein kunne vel like gjerne laga dette til ved hjelp av javascript. Nokon som har sett liknande navigasjon gjort med javascript? Dei hadde kanskje vore hakket meir brukarvennleg dersom dei ikkje var laga i flash, det er vel fleire som har aktivert javascript enn flash? Og personleg så likar eg helst å halde navigasjonen utanfor flash, med tanke på dei blinde og på alle andre som måtte ha vanskar med å bruke flash. Eller er tanken på at navigering i flash er lite brukarvennleg endra?

2 Replies to “Webdesign trender: flash-karusell-galleri-tekst-meny?”

  1. Du burde lære deg å skjøna det rette skriftspråket i Noreg litt betre tykkjer no eg.

    Men det er bra eg skriv nynorsk, hvis ikkje hadde eg ikkje fått nokre kommentarar i det heile trur eg. Så det vil eg fortsetta med, iallefall heilt til det eg skriv om er fengande nok til at nokon kommenterar på noko anna enn skriftspråket som er valgt for denne bloggen. 😉

Comments are closed.