HTML spesialtegn og symboler

Når ein skal skrive HTML-kode så er det ikkje alle tegn som er tillete og skrive rett fram i koden som td. Æ, Ø, Å, &, ©, ™ også vidare.. Disse må ein skrive som &Aelig;, Å, &, ©, ™. Dette er dei spesialtegna(special entities) som eg brukar dagleg. Og det finnes mange fleire, eg har sett nokre samlingar med 252 spesialtegn og symboler forklart men ingen av dei har vore fine nok til at eg orkar å henge dei på veggen.

Så eg gjorde noko med det!

Alt du veit om CSS er feil!

 

Alt du veit om CSS er feil!, slik lyder tittelen på ei ny bok frå Sitepoint: «Everything You Know About CSS Is Wrong!«. Boka viser deg nye teknikkar i CSS som gjer at du slepp avanserte flyte-layoutar og «hacks» for å få webdesignet på stell med CSS-basert layout. Dei påstår at det skal bli lettare å bruke CSS, noko som høyres ut som ein kjedeleg kvardag tykkjer eg.

Webdesign trender: flash-karusell-galleri-tekst-meny?

Flott tittel! Eg er berre litt usikker på kva eg skal kalle dette for, og er open for betre forslag. Disse flash-karusell-galleri-tekst-menyane er i allefall fine og eg likar godt å navigere i dei. Eg såg dei første gongen hos Apt men no som eg også har sett noko liknande hos det «nystarta» byrået Magma så må det jo være ei trend.

Ein søkemotor til å herske over dei alle..

Martin Bekkelund viser i artikkelen «Ikke at det betyr noe» søkemotor statistikk for bloggen sin. Den viser klart og tydeleg kor «mektig» Google sin posisjon som søkemotor er. Eg har omtrent dei same tala for min blogg som de ser over. Og poster denne artikkelen for å vise at dette absolutt er ein tendens,  dette er nok utbredt på dei fleste bloggar. Dersom ein er ei bedrift vil ein kanskje ha litt større treff frå kvasir-søk då målgruppa for bedriftsmarknaden er litt annleis enn det er for bloggmarknaden. Men også her vil ein nok sjå at Google tronar høgt over dei andre og framstår som søkemotoren med søkevolum frå ein anna liga enn resten av gjengen.

Legg merke til Sesam som siste blant mine topp-5 søkemotor-trafikk-kjelder, dei er jo kjøpt opp av Schibsted og har som mål å bli leiande på søk i Noreg. Dei har eit stykke att ser det ut til..

jParallax – javascript «teiknefilm perspektiv»

jParallax er eit stilig javascript som let deg lage interaktive teiknefilm perspektiv ved hjelp av overlappande nivåer i td. ei <UL>liste. Denne perspektivforma er kjent frå mykje av Disney sine teiknefilmar, eg trur den kom i Jungelboken første gong. Artig å sjå dette gamle trikset brukt i webdesign. Overlappande perspektiv har vore litt i vinden i det siste, det vart også brukt på Silverback nettsida. Javascriptet byggjer på jQuery-biblioteket som svært mange alt brukar i webdesign for tida.

Sjå demoar og les meir om jParallax her

10 ressursar for å kjøpe norske bilder på internett


Det finnes mange gode ressursar for å finne gode bilder/foto, ikoner og illustrasjonar ein kan kjøpe på internett også norske motiver. Det er typisk at ein kjøper bilder frå bildebyrå som formidlar bilder på vegne av fotografane. Av og til kjøper ein gjerne direkte frå fotograf, men det er ei sjeldan metode(td. ved å kontakte fotografar til bilder ein finn via flickr / google).

Nokre er  gratis men disse bildene har ofte restriksjonar på kommersiell bruk. Andre kostar pengar men kan brukast fritt, med mindre det er royalty på dei. Eg brukar nesten utelukkande kjøpte bilder for å være sikker på at det ikkje vert noko kluss med rettighetar.

Når ein skal kjøpe bilder er bildene ein kan kjøpe ofte delt opp i 2 kategoriar:

  • RF – Royalty Free kjøpebilder
    Bilder som du fritt kan bruke uavhengig av plassering, opplag og brukstid. Men du kan ikkje selgje dei vidare.
  • RM – Rights Managed Bilder
    Bilder som er RM vert prisa etter korleis dei skal brukas. Ting som vil påverkar prisen er plassering, opplag, størrelse og brukstid.

Faktorar som aukar brukaropplevinga på nettsider

Idea (Institute for Dynamic Educational Advancement) er ei «nonprofit»-organisasjon som anarkjenner internett si rolle i læring. Og som jobbar for å gjere internett som medium meir brukarvennleg og gjere informasjonen på internett meir tilgjengeleg.

Dei har gitt ut ein rapport med deira viktigste funn etter ein spørreundersøkelse på kva faktorar som driv den positive brukaropplevinga på nettsider. Dei hadde tre målgruppe som blei spurt i undersøkinga:

  1. ideelle organisasjonar
  2. webdesignerar
  3. folk flest – brukarane

Hovedfunna og konklusjonane deira:

Dei 10 bud for webdesign

Eg kom over ein artig artikkel i BusinessWeek for nokre veker sidan, og tenkte at eg skulle dele den med det norske webdesign miljøet. Men i staden for å berre sende ei lenkje, oversette eg den like godt (nokså fritt) til norsk. De kan lese original artikkelen her: The 10 commandments of Web Design

Artikkelen har mange gode punkter, og enkelte som kanskje ikkje er like viktige; de får avgjere sjølve.

1. Du skal ikkje misbruka Flash

Adobes populære webanimasjonsteknologi kan køyre alt frå store overdådige webkampanjar for dei