Skjult skatt i Safari: webinspektør (debugger)

I FireFox brukar eg Firebug til feilsøking på HTML og CSS, men i safari har eg endeleg funne eit godt alternativ. Og det ligg integrert i Safari – verkeleg ein skjult skatt!

For å aktivere Safari webinspektør gjer du følgjande:

  1. Lukk Safari
  2. Start Terminal
  3. Skriv følgjande kode:
    defaults write com.apple.Safari IncludeDebugMenu 1
  4. Start Safari
  5. Høgreklikk eit element på ei nettside og velg «Inspiser element»
Skulle ynskje Internet Explorer hadde like gode feilsøkingsverktøy, det er jo der ein verkeleg treng dei!

5 Replies to “Skjult skatt i Safari: webinspektør (debugger)”

  1. Espen:
    Det strekker ikkje heilt til på same måte som web developer i Firefox er. Men du kan redigere CSS live med denne også, dog ikkje som eit CSS-dokument. Du må klikke på css-regelen i inspekøtren slik som i Firebug.

    Men for min gamle G5 er Firefox 3 blitt for heftig så det er greit nok til heimebruken som er redusert til Safari-surfing.

  2. Eventuelt kan ein laste ned siste build av webkit, som har hatt denne «skjulte skatten» i over eit år som default. Denne er veldig fin, og føles meir «innbakt» og stabil enn firebug. Men igjen, ingenting slår firebug. Men greit å ha om ein nåken gang skulle møte på problem i safari og debugge det.

  3. Denne oppdaget jeg også tidligere i høst, utrolig nyttig! Dessverre synes jeg den blir litt for tungvindt å bruke i forhold til Firebug. Fordelen med webinspektøren i Safari er nettverktidslinjen.

    Det er forresten ingen vits å rote i Terminal for å få tilgang til denne menyen, i Safaris innstillinger krysser du bare av for «Vis Utvikle-menyen i menylinjen» under Avansert-fanen i innstillingene!

Comments are closed.