Firefox 3 – det du treng å vite

Endeleg kom Firefox 3, denne oppgraderinga likar eg svært godt. Dei har gjort mange lure forbetringar med produktet sitt. Ikkje minst har dei vore flinke å tilpasse brukergrensesnittet til det operativsystemet ein sit på. Internet Explorer -ish Eg vil påstå at å leggje seg så tett opp mot Microsoft sin visuelle profil på Windows versjonen av Firefox 3 kan hjelpe dei å stele markedsandelar frå den "store stygge ulven" Internet Explorer. Internet Explorer 7, virkar uoversikteleg i forhold til Firefox 3, som ser nokså lik ut. Firefox 3 har meir brukarvennleg plassering av dei viktigaste valga. Eg har til dømes opplevd at kundar ringjer inn til oss på jobb fordi dei ikkje lenger finn  oppdater- og hjemknappen, når dei oppgraderar til Internet Explorer 7. Mitt tips vil no være bytt til Firefox 3, for ei betre brukaroppleving. Firefox 2 vart for ulik Internet Explorer til at dette lot seg gjere, men Firefox 3 ser jo ut som IE 7 berre meir logisk og reinare. Hastighet Den går faktisk raskare på min gamle G5 maskin enn Firefox 2 gjorde, det er eit stort høydepunkt! Starter heile 3 sekund raskare 😀 Plugins Ikkje alle plugins virka direkte, så eg måtte spore opp at nokre av dei på nytt. Du finn dei viktigaste her: Firebug i Firefox 3 Her måtte eg bruke Firebug 1.2.0b3 for å virke i Firefox 3 Last ned Firebug til Firefox 3 her Web Developer Toolbar i Firefox 3 Her måtte eg bruke Web Developer Toolbar 1.1.6 for å virke i Firefox 3 Last ned Web Developer Toolbar til Firefox 3 her PicLens i Firefox 3 Her måtte eg bruke PicLens 1.7.0.3459 for å virke i Firefox 3 Last ned PicLens til Firefox 3 her

2 Replies to “Firefox 3 – det du treng å vite”

  1. Veldig fin blogg. Er webdesigner selv 😉

    Du skulle hatt et fint favicon slik at jeg kan legge deg i Bokmerkelinjen i firefox 😉

Comments are closed.