Webdesigntrend: Flytande grids

I det siste har eg lagt merke til stadig fleire designshowcaser og bloggar som benyttar seg av eit flytande grid av små boksar som på dynamisk vis fyller skjermen med innhald. Dette var iallefall ei webdesigntrend i 2009 og er nok det enda, men  ikkje like «ny». På disse tider for eit år sidan var denne trenden nevnt som «unusual layouts» i nokre større webdesignmagasin. Tanken var å publisere dette innlegget i fjor, men bloggpausen vart lengre enn planlagt. Men no sjølv om det ikkje er «siste nytt» benyttar eg dette utkastet til å «sparke» meg i gong med blogginga igjen! Dog med ei litt endra førstesetning (sjå over).

Webdesigntrend: Minimalistiske bloggar

webdesigntrender minimalistiske bloggar

Ein kjem stadig over bloggar som er minalistiske, det som ofte går igjen er fargen kvit ( dette er forøvrig noko ein ser mykje av innan norsk webdesign for tida), mykje luft(whitespace), gjennomført typografi og eit overhengande fokus på å presentera innhaldet utan forstyrrande element. Devlounge har gjennomført ei lita undersøking blant 23 av dei mest anarkjente minimalistiske bloggane. Eg tenkte å vidareformidla resultata kort oppsummert på norsk.

Webdesign trender: flash-karusell-galleri-tekst-meny?

Flott tittel! Eg er berre litt usikker på kva eg skal kalle dette for, og er open for betre forslag. Disse flash-karusell-galleri-tekst-menyane er i allefall fine og eg likar godt å navigere i dei. Eg såg dei første gongen hos Apt men no som eg også har sett noko liknande hos det «nystarta» byrået Magma så må det jo være ei trend.