Snart forbi 1024 kneiken?

Om ein les statistikken til W3schools frå 2000 og fram til i dag så fortel den ei historie om korleis utstyret me brukar for surfe på internett endrast. Det kan faktisk sjå ut til at 1024×768 skjermoppløsninga* dukkar under for større skjermoppløsningar* (*= usikker på om det finnes eit betre nynorsk ord her) i løpet av 2009. Dette er jo ei gledeleg utvikling for oss som er glade i å ha litt luftige og store nettsider!