Norske forum for webdesignere om webdesign

Me hugsar vel alle Det Store Dyret? Det forsvann jo plutseleg grunna driftsproblemer og er no forvandla til ein liten og sporadisk blogg om ledige stillingar og events. Dette forumet var jo fantastisk bra med mange flinke folk, flotte arbeider og gode diskusjonar.

Eg har den siste tida leita etter ein erstattar, for no har eg/me venta lenge nok på at Det Store Dyret skal reise seg frå aska. Men det er ikkje lett å finne eit forum som har denne unike kombinasjonen. Dei foruma eg har kome over føles litt som forum som alltid har vore der, men som hadde ei mindre profesjonell målgruppe enn Det Store Dyret.

Her følgjer mine «funn»:

forum_kreativ1.jpg

Kreativ1 – i1 nettverkets portal for kreative

Dette virkar som det mest lovande forumet, det er nystarta og har alt ein del talent som brukarar. Samt at det skal inngå i ei portalløysing med artiklar og nyheter for kreative sjeler. Men det kan virke som om det har ei lita overvekt på Video og Foto så langt. Dette kjem eg iallefall til å følgje med på.

Published
Categorized as forum, tips