Fargeblind på internett

Har du tenkt over at 8% av alle menn og 0.3% av alle kvinner i verda er fargeblinde? Har du sjekka at nettsida di fungerar bra for fargeblinde som brukar internett? Det er kanskje noko som burde hatt større fokus innan brukarvennlighet og tilgjenglighetsfokuset som er heitt tema for tida. I denne artikkelen vil du finne nokre tips til å få brukbare sider for fargeblinde og eit verktøy som let deg simulera korleis ein fargeblind ville oppleve nettsida di.

Kva vil det seie å være fargeblind?

Fargeblindhet har ingenting med blindhet å gjera, det betyr at ein har nedsatt fargesyn/sans og at nokre fargar oppleves annleis. Det er medfødd og kan ikkje helbredast. Dei fleste som har det merkar lite til det, og ein kan være yrkesaktiv i dei fleste yrker – ikkje pilot visst nok.

Korleis skal ein gjere nettsida si bra for fargeblinde?

Fargar som er vanskelege å skilje er i sær raude og grønne fargar, dersom du skal benytte disse fargane mykje bør du passe på at dei har god valørkontrast. Då vil dei være lettare å skilje mellom dei for nokon som er fargeblind. Blå og gule fargar er sikrare å bruke. Og å bruke lite farge er også eit sikkert valg, men kan jo være litt keisamt.

Korleis kan eg testa at nettsida mi fungerar for fargeblinde?

Eg fann ei god side som let deg simulera netopp dette Colorblind Web Page Filter

Kjelder:
Wikipedia, Colour Lovers, Colorblind Web Page Filter

One Reply to “Fargeblind på internett”

Comments are closed.