Det byrja her…

Eg har alltid tenkt og snakka om at eg burde starta ein blog eller ei lenkjeside som handlar om webdesign og webutvikling. Dette burde jo være praktisk for meg sidan eg sit 7.5 timar dagen og surfar og eller jobbar med dette 5 dagar i veka. Målet må skal i første omgang være eit par innlegg i veka, også får me ta det derifrå.

Språk er noko eg har fundert mykje på med denne bloggen, norsk eller engelsk. Markedet for at folk skal finne ein snever webdesign blog interresant i Noreg er ganske mykje mindre enn i det internasjonale markedet. Men på verdsbasis finnes det svært* (* = altfor) mange bloggar om dette emnet, så eg går for eit lite men godt norsk miljø. Og då sjølvsagt på nynorsk* (* = dialektskriving sterkt inspirert av nynorsk )!