10 ressursar for å kjøpe norske bilder på internett


Det finnes mange gode ressursar for å finne gode bilder/foto, ikoner og illustrasjonar ein kan kjøpe på internett også norske motiver. Det er typisk at ein kjøper bilder frå bildebyrå som formidlar bilder på vegne av fotografane. Av og til kjøper ein gjerne direkte frå fotograf, men det er ei sjeldan metode(td. ved å kontakte fotografar til bilder ein finn via flickr / google).

Nokre er  gratis men disse bildene har ofte restriksjonar på kommersiell bruk. Andre kostar pengar men kan brukast fritt, med mindre det er royalty på dei. Eg brukar nesten utelukkande kjøpte bilder for å være sikker på at det ikkje vert noko kluss med rettighetar.

Når ein skal kjøpe bilder er bildene ein kan kjøpe ofte delt opp i 2 kategoriar:

  • RF – Royalty Free kjøpebilder
    Bilder som du fritt kan bruke uavhengig av plassering, opplag og brukstid. Men du kan ikkje selgje dei vidare.
  • RM – Rights Managed Bilder
    Bilder som er RM vert prisa etter korleis dei skal brukas. Ting som vil påverkar prisen er plassering, opplag, størrelse og brukstid.


Som regel pleier eg å sortere vekk dei som er RM, hverken eg eller kundar likar tanken på å «leiga» bilder som er det du gjer med RM-bilder. Men det har hendt at eg har funne det perfekte bildet og kunden berre er nøydd å punge ut for å bruke bildet i eit par år. RM-bilder er etter min erfaring også dyrare enn RF-bilder sjølv om dei har tidsbegrensa bruk. Kvifor? Jo, det er jo påfallande at dei beste bildene alltid er RM prisa. Det er jo ofte slik at det dyraste ofte er best jmf. webdesign 😉 , apple og ferrari.

Konklusjonen min: RF er ofte best for lommeboka, men du kan banne på at det finnes eit RM som er betre enn det du har funne med RF pris.

Her følgjer ressursar for å kjøpe gode norske bilder

1. iStockPhoto

Her byrjar eg alltid! Rimelege bilder frå 1$ pr bilde og alle er RF. Kvaliteten på fotografane til iStockPhoto har verkeleg teke seg opp dei siste åra. I byrjinga var det mykje skralt på iStockPhoto, men no er kvaliteten bra og du kan også kjøpe ikoner, illustrasjonar og video. Bakdelen med iStockPhoto er at bildebyrået er blitt så populært at bildene du kjøper her ofte kan gå igjen både her og der. Dette gjeld spesielt dei norske bildene du kan kjøpe her, dei er få og velbrukt!

Pris for bilder: 1$-20$

2. Crestock

Dette bildebyrået er faktisk frå Norge! Det er ganske flott at ei så «stort» bildebyrå har norsk base for alle bildene sine. Dei har mange flott bilder, du finn også eindel norske bilder her. Disse norske bildene er ikkje like utbredd som dei norske bildene du får kjøpt på iStockPhoto.

Pris for bilder: 5$-15$

3. Scanpix

Skal du ha flotte norske bilder eller skandinaviske bilder er Scanpix tingen. Scanpix har ei stor samling av norske bilder i sitt bildearkiv. Her er dei fleste verkeleg gode bildene RM og dyre. Men ein kan finne mange gode RF bilder også dei kostar meir enn dei gjer på iStockPhoto og Crestock, men dei to opererar med så lave prisar pr. bilde at ein nesten føler seg uetisk når ein handlar der.

Pris for bilder: På forespørsel (dei fleste eg kjøper her til web-bruk kostar frå 890 kr. og oppover)

4. Johner

Svensk bildebyrå med litt norske bilder, men mest skandinaviske bilder. Mange gode biler, også her er største delen av bildene RM, men i likhet med Scanpix finn du mange gode RF-bilder som garantert er mindre brukt enn tilsvaranded motiv på iStockPhoto ol.

Pris for bilder: fra 890 sek.

5. Corbis

Er faktisk kjøpt av Crestock, det er litt stilig tykkjer eg. Eg har jo brukt Corbis i mange år og anser dei som eit av dei største bildebyråa, så at dei skal få norsk eigar vekkjer nasjonalismen i meg. Uansett, dei har mange amerikanske bilder – men nokre få svært gode norske bilder. Men kanskje litt vel stor antall treff på isbjørn når ein søker på «Norway»?

Pris for bilder: frå 55$

6. Getty Images

Den store? Dette er iallefall eit av dei mest anarkjente bildebyråa, dei har mange bilder – også her flest amerikanske. Her er nivået skikkeleg bra på alle bilda eg kom over når eg søkte på norske bilder, og sjølvsagt ein og annan isbjørn.

Pris for bilder: frå 49$

7. Fotolia

Ikkje dei største, men dei har over 4 millonar bilder så det er eindel å søke i her. Prisane er på same nivå som iStockPhoto og Crestock. Du finn også ei god samling norske bilder her. Verdt eit søk, men ikkje det første eg besøkar.

Pris for bilder: frå 1$

8. Bildehagen

Lite norsk bildebyrå, har 5200 norske bilder i bildearkivet sitt. Her er mange gode, men nokre av bildene ser litt ut som feriebildene mine fra i fjor. Det kan jo være supert det om ein er ute etter bilder som ikkje ser «kjøpt ut».

Pris for Webbilder: Kr. 280,- pr. bilde uansett str.

9. Flickr

Ikkje direkte eit bildebyrå, men eg har ved fleire anledningar søkt på bilder her til inspirasjon og endt opp med å kontakte fotografen og forhandle fram ein pris for å bruke bildet.

10. Foto.no

Same metode her som på Flickr, men på foto.no finn du jo utelukkande norske motiv så og seie. Her finn du også mange gode fotografar som er villige til å selge bilder til deg.

Veit du om andre gode ressursar for å kjøpe (primært) norske bilder?

7 comments

  1. Corbis er ikkje kjøpt av C-stock. Det var ein aprilspøk 😉 Corbis er eid av Bill Gates.

  2. hehe, då var det jammen ein god aprilspøk. Eg trur på den enda 🙂

  3. Dette er et lite bildebyrå som har konsentrert seg om fotos fra det maritime miljøet. Vi har drevet med fotografering av skip siden slutten av 1980 tallet, hovedsaklig rundt om på Vestlandet. I den senere tid har vi også begynt og fotografere natur, jernbane/tog og fly/helikoptere. Vi har fotos av omtrent alle kategorier av skip i samlingen vår og det blir stadig tilførsel av flere.

Comments are closed.