Eit lite stykke arbeid

Det er mykje snakk om webdesign på bloggen min, men det er lite å vise til når det gjeld prosjekter eg jobbar på. Men no har eg altså endeleg blitt ferdig med eit av mine «sideprosjekt» frå 2008  – nye nettsider til møbeldesignaren Olav Eldøy.

«Papen» har fått nye nettsider som profilerar både nye og eldre produkt betre enn dei forrige nettsidene gjorde. Det er lagt vekt på å vise fram produkta ved å velgje eit tidlaust og minimalistisk uttrykk på nettsidene. For å presentera produkta størst mogleg på ulike skjermar er det også lagt inn skalerande bileter som justerar seg etter skjermstorleiken, samt ei visuell og artig navigering for å gjere det enkelt å navigere mellom produkta.

Eg har benytta prosjektet som ei fin anledning til å børste litt støv av flash-mediet, noko me ikkje har spesielt fokus på der eg jobbar med webdesign frå dag til dag.

Besøk Møbeldesigner Olav Eldøy på www.eldoy.no

Kom gjerne med kommentarar på nettsida.

7 Replies to “Eit lite stykke arbeid”

  1. Lekkert! Du har verkeleg fått ting til med den sida, men sjølvsagt har eg to bemerkninger. Dei er ikkje store, og dei er mest sannsynleg totalt uviktige…

    Det fyrste eg la merke til var at ting gjekk treigt i «introen», at det rett og slett tok bittepittelittegrann for lang tid mellom «OLAV ELDØY» og bileta som kjem. Men som sagt er nok dette berre meg…

    Den andre tingen er at teksten under About og Contact kunne hevast eit par steg. Føler at desse sidene «henger» litt.

    Ellers likte eg veldig godt produktvisninga! Snadder for augo 😀

  2. Ja det går litt treigt eindel ting. 🙁 Eg trur det kan ha litt med den forferdeleg treige hosten som er brukt på nettsida. (Dreamhost har ikkje akkurat «hotline» til Noreg).

    Tekst er alltid vanskeleg å få nok av frå «kundar». Nett Contact sida er vel greit med innhald på tenkjer eg. Ser ikkje heilt kva meir ein kunne hatt med her? Men About burde ha litt meir tekst, heilt einig.

    «Henger» går dette på flyt i animasjon eller kvalitet grunna innhald?

  3. Veldig pent og stilrent, dog synes jeg det tar alt for lang tid fra jeg trykker et menyelement til siden dukker opp.

    En indikator på at siden lastes hadde vært fint, for nå får jeg den følelsen av at det er noe galt.

  4. Meget elegant og flott, gikk litt trekt som Espen skriver om fra navne hans til selve bilde kommer! Men jeg syns det var rent og pent, noe som begynner å bli ganske inn igjen føler jeg etter at mange lager sider slik.

  5. Ronny-Andre: Ja, det går litt tregt, må nok bytte server. Testa det på ein server som står her i Noreg no, og då gjekk det som eit olja lyn..

    Nokon som kjenner til hosting som har bra hastighet både mot Noreg og verda ellers?

    Henrik: White(space) is the new black 😉

  6. Ander: Ser at eg forklarte meg dårleg. Teksten som står er grei den, men med «henging» meiner eg at tekstboksen som er plassert dønn midt på sida virker ut som at den er under midten. Tenk optisk midting. Er du med?

    Men dette er kun pirk. 7 år i typografien har sikkert gjort skade 😉

  7. Espen: No skjønar eg kva du meinar. Ja det er litt vanskeleg å plassere tekstane i «det gylden snitt», grunna skalering og posisjonering etter skjermoppløsning. Men å få heva teksten opp nokre hakk skal gå greit.

    7 år i typografien?! På tide å bytte medie snart eller? hehe

Comments are closed.