Webdesigntrend: Minimalistiske bloggar

webdesigntrender minimalistiske bloggar

Ein kjem stadig over bloggar som er minalistiske, det som ofte går igjen er fargen kvit ( dette er forøvrig noko ein ser mykje av innan norsk webdesign for tida), mykje luft(whitespace), gjennomført typografi og eit overhengande fokus på å presentera innhaldet utan forstyrrande element. Devlounge har gjennomført ei lita undersøking blant 23 av dei mest anarkjente minimalistiske bloggane. Eg tenkte å vidareformidla resultata kort oppsummert på norsk.Her er dei minimalistiske bloggane som var under lupa:

Kva kjenneteikner dei minimalistiske bloggane?

Dei fleste hadde menyar på bloggane, men dei var svært minimale. Det gjekk stort sett i sidene: «forside», «om» og «arkiv». Nokre hadde også med «kontakt», men mange kutta ut også denne viktige sida.

Fleirtalet viste 7 artiklar på forsida, som er mindre enn ein ofte ser på meir tradisjonelle bloggar.

Widgets er ut! Widgets er det som ein typisk ser i ei kollone som ligg utanfor det vanlege innhaldsområdet, og inneheld typisk: «Siste kommentarar», «Siste artiklar» og «Taggar». Dette er funksjonar som dei minimalistiske bloggane med stort fleirtal unngjekk.

Avatarer og sosialebokmerker var også fjerna på dei fleste, noko som mange ser på som viktige funksjonar for å skape eit miljø rundt ein blogg.

Dei er flotte å sjå på samtlige av bloggane, disse bloggane er bloggar ein utvilsomt er innom 1 gong, grunna publisitet i webdesigngalleri. Men kjem ein attende, eller har dei fjerna for mange funksjonar som blogglesarar forventar av ein blogg til at det blir aktuelt med fleire besøk?

Kanskje eg kan spisse spørsmålet litt: «Er denne trenden optimal for bloggmediet?»

4 comments

  1. Er ikkje uenig at dette kan vere den nye trenden, men eg er av den typen som les artiklane på bloggane. Det er sjeldan eg leitar dei fram på Twitter, Facebook, Myspace osb., utan at det er viktig for meg å vite meir om personen bak.

    Dette til tross for at eg sjølv har slike ting som «siste kommentarar» og «taggar» på mi side.

    Kvar vil det ende? Nettsider med kun kontaktoplysningar og ingenting anna?

  2. Smiler.. jeg synes det er utrolig kjedelig. Litt kjønnsløst med minimalistisk webdesign. Minimalismen som interiørtrend ble byttet ut med andre trender for flere år siden. Hvorfor skal webdesign henge langt etter andre designtrender?

    noen som har kommentarer på det?

  3. Siv: Tidløst er vel ein betegnelse eg ville brukt. Minimalismen er framleis sterk innan interiørtrendene, det har den vore i snart 100 år. Og held seg bra, men «mainstream» interiøret i dei norske heimar har igjen godt vekk frå dette som det idelle. Dette trur eg heng saman med at minimalisme er ein vanskeleg stil å meistre. Det er enklare å oppnå eit brukbart resultat gjennom stilar som baserar seg på å bruke fleire element som kan overbevise og underbygge det visuelle uttrykket. Problemet her er at ofte bodskapet kan forsvinne i mengda av visuelle element. Eg trur at ved å meistre det minimalistiske og tidlause får du sterkare kommunikasjon, enn ved å følge meir «støyande» trender som ofte har mykje kortare levetid.

    Når det gjeld at webdesign heng etter andre designtrender er eg ikkje einig. Her ser ein at dei følg dei øvrige trendene like raskt som andre medier. Men det som ofte øydelegg webdesign som designmedium er den stadig aukande tilgongen på «malbaserte» og generiske webdesign som ser «kjøpt» ut.

    Sjå denne oversikta til Webdesigner Wall:
    http://www.webdesignerwall.com/trends/2008-design-trends/

    Her finn ein referansar til ma. interiørtrendene ein les om for same året tykkjer eg.

  4. hei!

    Jo, jeg ser at det er stor variasjon og rikdom og frodighet blant designene.

    Det man vet fra forbrukeradferd er at vi i norge iallefall er såkalte emosjonelle forbruker – som styres av emosjoner. Konsekvensen av det er at vi må designe for følelser og ikke for kognisjon såvidt jeg kan forstå?

    og da blir minimalisme et smalt segment – når man skal appelere til den målgruppen som får gode følelser av det nå?

    Jeg skal ikke være påståelig på noe her – men synes det er en svært interessant diskusjon!

Comments are closed.