Bra CSS bøker

bra_css_bøker

Eg kika litt i webstatistikken for webdesign bloggen min og fann ut at mange søker etter CSS bøker, utan at eg har skrive noko som helst om CSS bøker! Dette må eg endre på så her presenterar eg nokre av dei CSS bøkene eg har lese  og synes er gode bøker for å lære seg meir CSS. Mange tenkjer at CSS ikkje er noko ein treng å lære frå bøker, ein finn jo mange gode artiklar om CSS på nettet. Men CSS bøker er som oftast bygd opp meir heilhetleg enn det sporadiske artiklar er. Det finnes ikkje nokre spesielt gode bøker om CSS på norsk, iallefall ikkje som eg veit om.

bulletproof_web_design

Bulletproof Web Design

God bok om XHTML og CSS, frå Dan Cederholm. Boka har mange praktiske og fleksible eksempel som gjer at dine webdesign blir «skuddsikre».

41PUp9O8CBL

Web Standards Solutions: Second Edition

Denne boka har eg ikkje lese sjølv, men ein anna webentusiast frå Stord anbefalar ho, så då må den være bra. Det er også Dan Cederholm som har skrive denne boka så eg antek at denne boka passar bra i hop med Bulletproof Web Design boka.

css_bok

HTML Utopia: Designing Without Tables Using CSS

For mange år sidan måtte eg endre måten eg bygde nettsider på frå bruk av tabellar og «spacer-gifs» til dei skumle og ukjende «divane». Då var denne boka ei god støtte å ha på ferda. Og denne kan anbefalst om du er vant til å bygge nettsider «old-school» og ynskjer å ta i bruk moderne teknikkar med XHTML og CSS.

Vonar at bøkene er til hjelp for dei som måtte trenge bra CSS bøker. Har nokon andre tips, skriv gjerne ein kommentar under 🙂

7 Replies to “Bra CSS bøker”

  1. Denne kom godt med, da jeg for tida investerer i en del lesestoff. Har ikke kommet til CSS enda så spørs om ikke jeg satser på den første 😉

  2. Jeg syns de fleste CSS/HTML-bøkene fra Sitepoint er veldig bra. Ta en titt på http://www.sitepoint.com. De har også en super html-spekk og css-spekk side. Bra oppslagsverk. De har også et bra nyhetsbrev som dere burde følge med på 🙂

  3. Hm…skulle ønske du kunne oppdatere med en liste over gode designbøker(da mener jeg litt mer generell designlære som går på kontraster, komposisjon, form etc).

    Det merker jeg at jeg trenger sårt, men finner liksom ikke noen gode tips på det.

    *hint, hint*

Comments are closed.