WordPress redesigner brukergrensesnittet.

WordPress har akkurat publisert nye bileter som viser redesignet av brukergrensesnittet som vil følge med 2.7 oppgraderingen. Dei har lagt vekt på å få ned sidelastingstida ved å gjere fleire nivå tilgjengelege utan å laste sider på nytt. Dette ser eg fram til, det tek litt unødig tid å gå mellom dei forskjellige stega inne i administrasjonen til WordPress.

Dei har også gitt betre plass vertikalt ved å legge all navigasjon i ei eigen kollone til venstre. Dette er ei stor endring for WordPress sitt brukergrensesnitt. Så lenge eg har brukt det (sidan 2004 mao.) har alltid navigasjonen vore plassert i ei rad på toppen.

Visuelt ser det heile stadig meir «polert» ut, og dei vert stadig flinkare å ta vare på brukaropplevinga bak publiserinsløsninga deira – gledar meg til dette er ute.

Til dei av dykk som ikkje veit kva WordPress er: WordPress er eit CMS eller ei publiseringsløsning spesielttilrettelagt for bloggar. Men kan med hell og mekking brukast til det meste. Det er den mest populære bloggplattformen for bloggar som er drifta av brukaren sjølv i motsetning til andre bloggplattformar som blogg.no og blogger som er drifta av bloggleverandøren.

Les meir om kva WordPress 2.7 har å by på her

4 comments

Comments are closed.