Artzmania

Artzmania

Design magasin på nett, kan anbefalast! Dei seier det best sjølve: «Independent venture showcasing outstanding international creativity and culture. With blazing passion for design, it is the latest platform for Designer’s Territory to inspire, express and share with fellow art enthusiast profiling diversified design.»

Minske Firefox «minnejafs»

Firefox

Det er med trist hjarte at eg innrømmer dette, men ein kan bli litt irritert på den kraftige minnebruken til Firefox. Maskina mi går av og til treigt og då hjelper det stadig å lukke den kjærlege Eldreven. Men – Eureka! Eg kom over eit tips som faktisk redusert minnejafset hans:
Korleis redusere minnebruken til Firefox

  1. Skriv about:config i adresselinja til Firefox
  2. Søk etter linja browser.sessionhistory.max_entries
  3. Dobbelklikk verdien 50, endre den til? 5

Kvifor 5?

Det er kor mange nettside-sesjonar han hugsar frå gong til gong. Og visstnok surfer ein ikkje tilbake på så mange nettstader!

IE NetRenderer

IE NetRenderer

Flott og rask teneste som gir deg skjermskudd av Internet Explorer frå versjon 5.5 og oppover. Flott vertyg om ein sit på Mac eller Linux.

Tags: None assigned

Aptana: The Web IDE

Aptana: The Web IDE

Flott Dreamweaver alternativ med støtte for dei fleste webspråka. Nevnte eg at det var gratis?!

Tags: None assigned

Layout

For å være realistisk har eg berre valgt ein “trendy” mal på bloggen min no i første omgang. Men eg kan jo ikkje ha sjølvrespekta i orden før eg har laga min eigen layout på bloggen. Dette får kome seinare, mitt realistiske mål er 6 månader.

Det byrja her…

Eg har alltid tenkt og snakka om at eg burde starta ein blog eller ei lenkjeside som handlar om webdesign og webutvikling. Dette burde jo være praktisk for meg sidan eg sit 7.5 timar dagen og surfar og eller jobbar med dette 5 dagar i veka. Målet må skal i første omgang være eit par innlegg i veka, også får me ta det derifrå.

Continue reading «Det byrja her…»