Amy Editor – Rediger html, xhtml, JavaScript, Ruby, PHP og CSS Online

Amy Editor

Amy Editor er eit tekst og kode redigeringsverktøy på nett. Aplikasjonen let deg skrive kode og markup enkelt og raskt i nettlesaren din. Og har gode muligheter for å dele filer med andre.

Aplikasjonen støtter JavaScript, Ruby, PHP, C#, Java, HTML, YAML, CSS, XHTML osb. Den har syntaksmarkering, kode samling (du kan «minimere» linjer med kode), ubegrensa angring, mulighet for å skreddersy hurtigtaster og endre farge-tema for aplikasjonen.

Det heile er pakka inn i oversikteleg og luftig apple inspirert GUI. Ein god og gjennomført aplikasjon, slit kanskje litt med konseptnamnet Amy Editor? Men det kan være greit å ha ein slik editor tilgjengeleg om ein er på maskinar utan gode verktøy for utvikling.

Netvibes «Ginger» utgåve

netvibes-ginger-main-72dpithumb.pngNetvibes neste versjon kalla Ginger er no ute i privat beta-versjon, og opnar opp full beta medio februar. I denne neste utgåva av Netvibes er det ein del nye funksjonar og småprogram. Men den største endringa er eit ekstra fokus på sosiale nettverk enn tidlegare, no får ein publisere sine eigne univers og kan i mykje større grad dele ting med andre.

Dei har også endra måten ein skriv småprogramma på slik at du no kan få småprogram frå alle andre leverandørar av småprogram som: Mac OS X Dashboard, iGoogle, My Yahoo, Windows Vista Gadgets,  iPhone.. Du kan også bruke netvibes småprogram på andre tenester etter denne endringa.

Norske forum for webdesignere om webdesign

Me hugsar vel alle Det Store Dyret? Det forsvann jo plutseleg grunna driftsproblemer og er no forvandla til ein liten og sporadisk blogg om ledige stillingar og events. Dette forumet var jo fantastisk bra med mange flinke folk, flotte arbeider og gode diskusjonar.

Eg har den siste tida leita etter ein erstattar, for no har eg/me venta lenge nok på at Det Store Dyret skal reise seg frå aska. Men det er ikkje lett å finne eit forum som har denne unike kombinasjonen. Dei foruma eg har kome over føles litt som forum som alltid har vore der, men som hadde ei mindre profesjonell målgruppe enn Det Store Dyret.

Her følgjer mine «funn»:

forum_kreativ1.jpg

Kreativ1 – i1 nettverkets portal for kreative

Dette virkar som det mest lovande forumet, det er nystarta og har alt ein del talent som brukarar. Samt at det skal inngå i ei portalløysing med artiklar og nyheter for kreative sjeler. Men det kan virke som om det har ei lita overvekt på Video og Foto så langt. Dette kjem eg iallefall til å følgje med på.

Published
Categorized as forum, tips

Gratis font: Anivers

anivers_4.gif

Ein blog fyller år og ein gratis font vert laga for å feira det, sikkert teikn på at ein blog er populær eller kva?

» The name Anivers –as you might have guessed– is derived from the word anniversary. Anivers celebrates the anniversary of Smashing Magazine. »

Fonten ser temmeleg bra ut også, men den er ikkje tilgjengeleg i andre variantar enn Regular.
Klikk her for å laste ned gratis font

Eit knippe anbefalte webtenester som forenklar ein surfande kvardag

1. NetvibesPersonleg startside

Netvibes

Det finnes mange personlege startsider igoogle, yahoo++ Men netvibes er den eg føler meg mest heime i, den har eit stort utvalg av widgets og nyttige småapplikasjonar som forenklar kvardagen. Den har mange gode stilmalar ein kan velja, gode funksjonar for interaksjon, mulighet for å dele dashboard faner med ander og ikkje minst så har den stor språkstøtte til og med nynorsk.

2. Ma.gnolia – «Sosial bokmerking»

Ma.gnolia

Del.icious er jo litt grått og keisamt. Ma.gnolia er ein litt polert versjon av del.icious og mitt foretrukne val for å ta vare på mine bokmerker. Og dele dei med kollegaer og vener. Tida når det viktigaste ein kunne ta backup av var «Favorittane» sine er heldigvis over!

3. MindmeisterIdemyldring & strukturkart

Mindmeister

Eit kjapt og flott verktyg for mind mapping og strukturkart. Sjølvsagt kan ein dele karta med andre, det er jo ikkje ei moderne webteneste utan? Det einaste som er bakdelen med denne tenesta er at den ikkje er heilt gratis, ein har ei maks grense på antall kart. Men det er vel verdt å investere i fleire om ein er flittig brukar av mind mapping.

Kva er Lorem ipsum?

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetuer adipiscing elit. Nunc neque nibh, elementum non, commodo semper, imperdiet quis, orci. Etiam iaculis odio in lorem. Duis aliquam lacus eu augue. Integer viverra, nisi sit amet ullamcorper molestie, sem diam euismod magna, at gravida dui dui vitae risus. Etiam vel purus. In placerat. Lorem ipsum dolor sit amet, consectetuer adipiscing elit. Ut lacinia, erat quis tempor luctus, ligula purus rutrum mauris, non fermentum metus ipsum sed ante. In sed felis id tellus faucibus pretium. Suspendisse eu mauris eu felis viverra cursus. Cras eu lacus. Pellentesque pretium ultrices metus. Etiam mattis varius diam.

Lorem Ipsum er rett og slett ein prøvetekst frå trykkeri og typografi bransjen, det har vore standarden for prøvetekst heilt sidan 1500-talet. Det blei brukt av ein ukjend trykkar som brukte teksten for å laga ei bok for å vise ulike typar typografi. Sidan dette har teksten vore modernisert mange gongar. Og blir no brukt av så godt som alle som lagar trykksaker eller andre grafiske utformingar som treng prøvetekst.

IE Min-height hack

IEI mozilla kan ein enkelt få ting til å ha minimun høgde, men i IE er dette litt verre. Men denne metoden ser ut til å vikre tilfredstillande:
#innholdsramme {
min-height:300px;
height:auto !important;
height:300px;
}

Fjerne firefox link border

Eg har ikkje kome borti problemstillinga med at firefox markerer lenkjer når du trykker på dei med ei punkta linje, før eg brukte javascript tabs på eit prosjekt. Og løysinga var sjølvsagt enkelt.

Her følgjer løysinga på problemet ved hjelp av css.

a:active, a:focus {

      outline: 0;

}
Published
Categorized as css

Artzmania

Artzmania

Design magasin på nett, kan anbefalast! Dei seier det best sjølve: «Independent venture showcasing outstanding international creativity and culture. With blazing passion for design, it is the latest platform for Designer’s Territory to inspire, express and share with fellow art enthusiast profiling diversified design.»

Published
Categorized as Nyttig