
Mørkt og svart tre er ei trend som har vore i vinden på interiør- og designfronten i det siste. Dette gjenspeglar seg sjølvsagt også som trend innan webdesign. Dersom du føler deg inspirert og har lyst til å lage litt «trendy» bakgrunnar med mørkt og svart tremønster sjølv. Kan eg anbefale iStockphoto sitt utval på mørk tretekstur. Eventuelt kan du jo ta eit foto av eikeparketten eg er sikker på at du har beina godt planta på og forvandle det til svart mørkt gulv i photoshop.
Her kjem ei samling av inspirerande websider som tar i bruk mørkt tre som visuelt verkemiddel.
I det siste har eg kome over stadig fleire ilustrasjonar innan webdesign, og då spesielt karakter- eller maskott-illustrasjonar. Dette er ein god måte å gjere ei nettside meir «personleg» eller «meneskeleg». Det gir også eit visuelt særpreg, iallefall om illustrasjonen er særegen og god. Denne trenda har eg planar om å hive meg på sjølv på eit prosjekt eg har i tankane, så får me sjå om den fungerar i praksis – meir info om dette prosjektet seinare.. Her følg nokre «gode» eksempler på bruk av illustrasjon som visueltverkemiddel i webdesign.






