Webdesigntrend: Minimalistiske bloggar

by Anders-Meyer on March 16, 2009

webdesigntrender minimalistiske bloggar

Ein kjem stadig over bloggar som er minalistiske, det som ofte går igjen er fargen kvit ( dette er forøvrig noko ein ser mykje av innan norsk webdesign for tida), mykje luft(whitespace), gjennomført typografi og eit overhengande fokus på å presentera innhaldet utan forstyrrande element. Devlounge har gjennomført ei lita undersøking blant 23 av dei mest anarkjente minimalistiske bloggane. Eg tenkte å vidareformidla resultata kort oppsummert på norsk. Read the rest of this entry »

Cufon – eit lettvint sIFR alternativ?

by Anders-Meyer on March 12, 2009

cufon sifr alternativ

Nokon Kvittra meg om Cúfon ein ny metode for å inkludere spesialfontar i webdesign. Tidlegare har jo sIFR hatt monopol på å benytte trykkfonter på overskrifter og liknande på nettsider. Men sIFR er og blir litt tungvint å implentera i webdesign, ein må til dømes inn i Flash for å klargjere fontfilene før dei kan brukast. Read the rest of this entry »

Farge trender 2010

by Anders-Meyer on March 10, 2009

I fjor skreiv eg om Farge trender 2009 basert på Clariants colorForward rapport. Eg Har sett at mange av fargane frå Fargetrender 2009  er byrja å bli brukt mykje. Det er derfor på sin plass at eg følger opp med fargetrender frå “ColorForward 2010″. Rapporten identifiserar kulturelle trender og livstil trender med globalt nedslagsfelt. Og er eit viktig verktøy for designerar og andre som jobbar innanfor massekommunikasjon.

Sjå fargetrendene her:

fargetrender 2010 age shock Read the rest of this entry »

PHP Knuser framleis andre programmeringsspråk

by Anders-Meyer on March 9, 2009

Eg skreiv for ei tid sidan “PHP knuser andre programmeringsspråk” basert på undersøkinga “The state of the web 2008″. I dag las eg på Computerworld at nok ei undersøking stadfestar det same, utviklarar likar best å jobbe i PHP.

Les artikkelen til Computerworld her og kik på undersøkinga sjølv her

Webdesign Norge samles

by Anders-Meyer on February 16, 2009

Eg har i det siste jobba med lage samlande nettside for webdesign i Noreg. Det finnes jo altfor mange webdesign galleri frå før, men eg saknar stadig eit galleri for norsk webdesign eller webdesign frå Noreg.

Dette behovet er no kokt i hop til Webdesignmagasinet, BETA versjonen er klar sånn omtrent. Read the rest of this entry »

Eit lite stykke arbeid

by Anders-Meyer on February 4, 2009

Det er mykje snakk om webdesign på bloggen min, men det er lite å vise til når det gjeld prosjekter eg jobbar på. Men no har eg altså endeleg blitt ferdig med eit av mine “sideprosjekt” frå 2008  – nye nettsider til møbeldesignaren Olav Eldøy. Read the rest of this entry »

Arbeidsmetode for brukarsentrert-design

by Anders-Meyer on January 28, 2009

Dette “verktøyet” gir deg ei oversikt over metodar og teknikkar som kan brukast innan brukarsentrert-design

“Generic work process” er ein guide gjennom arbeidsprosessen frå begynnelse til slutt når ein skal designa noko for brukarar. Den er designa i fem fasar, og i kvar fase oppfordras du til å lage, teste og analysere arbeidet ditt før du går videre til neste fase. Read the rest of this entry »

Ein miljøvennleg og gratis font

by Anders-Meyer on January 27, 2009

Det var vel på tide at nokon lanserte miljøvennlege fontar også? Ecofont er ein font basert på den frifonten Vera Sans, kor det er laga hull i alle teikn. Prinsippet er jo genialt enkelt – ved å bruke Ecofont, bruker du mindre blekk, altså er den meir miljøvennleg. Read the rest of this entry »

PHP knuser andre programmeringspråk

by Anders-Meyer on January 26, 2009

Folka bak SXSW konferansen har avhelde ei spørjeundersøking i web-bransjen, undersøkinga var open i 3 veker, og over 1200 deltok. No er resultata lagt ut på nettet, les nokre utdrag og dei komplette resultata her.

Det er mykje spanande lesing i resultata av undersøkinga. For eksempel 1.22% av alle som jobber i industrien, bruker IE6 som hovudnettlesar! Gamle “gode” HTML har fortsatt ca 20% som heller brukar det i staden for XHTML. Positivt at antallet på personar som validerar sidene sine er oppe på 36%. Og jQuery ser ut til å bli industristandard for Javascript på nettet. Og eit slag i trynet for alle som meinar at PHP er på veg ut, 63% brukar PHP som utviklingsspråk for systemtuvikling for nettet (webutvikling?).

Det er sjølvsagt berre eit lite utdrag av bransjen, men eg kjenner meg iallefall igjen i mange av resultata her.

Les alle resultata her