Google lanserar nettlesar: Google Chrome

Google Nettleser: Google Chrome

Det måtte jo skje? Google kjem snart med eigen nettlesar, det ser ut til at den skal heite Google Chrome.  Det har i dag vore fleire som har fått ei teikneserie i posten. Denne teikneserien er frå Google og forklarar konseptet bak nettlesaren deira Google Chrome.

Nettlesaren er basert på open kjeldekode og er bygd på webkit. Dei har også lagt inn ei virtuell javamaskin kalla V8 som er utvikla i Danmark. Dette for å gjere JavaScript-lastinga raskare i nettlesaren.

Dei har flytta tabbane opp over adressefeltet i staden for under adressefeltet, som er konvensjonell plassering i nettlesarane som er på marknaden no. Fanene er også sjølvstendige, dersom det oppstår ein bug i ei fane lukkar du berre den eine fana, medan nettlesaren er uråka. Dei har også fått webaplikasjonane sine kraftig integrert i nettlesaren, det virkar nesten som eit «Google Operativ System».

Eg er litt usikker på om dette er bra eller dårleg med tanke på monopol-situasjonen dei allereie har på internett i dag. Men dei gjer iallefall tinga med open kjeldekode, kanskje berre for å unngå monopol anklager?

Bla gjennom teikneserien her (Kilde: Blogoscoped)

6 comments

  1. Aldrig! Då kan eg like godt skrive engelsk, og den marknaden er metta. 😉

  2. Hald deg til nynorsk. Det er best, eller det syntes i alle fall eg.

Comments are closed.