Best på nett: oktober 2008
Inspirasjon - 3.11.2008 - 1 kommentar
Eg prøver meg på ei ny månadleg spalte her som eg ser dei fleste design-bloggar har “det beste på nett”. Litt feil tittel eigentleg, det burde være “det eg hugsar at eg har surfa på og tykte om på nett i oktober 2008″. Men er følgjer litt av mine nettfunn i oktober 2008, vonar at det smakar bra
Artig verktøy for å lage “sære” og originale domenenamn som td. webdesi.gn domai.nr
Var innom Flickr for å finne litt gode bileter frå Island i forbindelse med firmaturen til Island i november. Eg fann mange flotte bileter frå naturen på Island. Men eg kom også over ein fantastisk flink fotograf: Rebekka Guðleifsdóttir. Kikk gjennom bileta hennar på Flickr og du kriblar snart etter å ta bileter, eller finn ut at det er best å hive fotokameraet i bosset for du kjem aldri til å ta så gode bileter uansett..
Nyttig verktøy for å lage stripete bakgrunnsmønster.
10 tips fra logodesign-meistrar
10 gode tips om logodesign frå 10 anarkjente logodesignerar.
Gratis ikonsett håndlagde blogg-ikoner
Sjå bilete over, meir forklaring trengs ikkje.
Blei litt lei av å lage skjermskudd, her følgjer fleire lenkjer:
1000 gratis Photoshop penslar
Samling av 1000 photoshop penslar (brushes), imponerande!
Diskusjon rundt takover-annonser på endreblogg
Interessant diskusjon rundt annonsemedier på nett, i kjølvatnet av ei takover-annonse DN.no gjorde denne månaden.
God artikkel om å forberede og holde en god presentasjon.
Knask på ein fredag oktober
Du finn ein del nyttige lenkjer her også..
Nokre viktige lenkjer eg har gløymt?
Taggar:
best-på-nett, brushes, foto, ikoner, Inspirasjon, island, Lenkjer, webdesign




[...] også til mi store glede at ein annan utflytta stordabu har byrja med ei liknande spalte på sin vevblogg. Anbefalar å følgje med på den for andre nyttige og inspirerande tips innan [...]
Tilbakeping av Knask på ein fredag: November › the unborn chikken — 28.11.2008 @ 6:43