Best på nett: november 2008

Eg følgjer opp med fleire lenkjer etter «best på nett«-prinsippet også i november. Det har vore ein hektisk månad på jobbfronten, så det har vore litt lite tid å bokmerka gode funn på nettet. Men her er uansett dei som har festa seg:

220 gratis Photoshop layer styles

Her er ei «kollosal» samling av layer styles til photoshop, som kan være «timesaver» av og til.

Pattern Tap 

Fin inspirasjonsside som kategoriserar og presenterar ulike brukargrensesnitt-element som til dømes: 404-sider, kommetarfelt, menyar + +

Logo of the day

Ny inspiarasjonsside for logo- og indentitetsdesign.

Offisiell guide for søkemotoroptimalisering frå Google

Denne har vel flittige lesarar fått med seg, men dette er utvilsomt noko av det meir interessante som er kome ut i pdf-form denne månaden. 

23 juleikonsett

November er månaden for å ta julepynten inn igjen på skrivebordet klar til å pynte kundar sine julekort og nettsider til desembermånaden. Då kjem nokre juleikon godt med.

99 designs

Designkonkurransar. Treng du design til noko eller vil du designa noko? 99 designs er ei nettside som presenterar designkonkurransar du kan sende inn forslag til. Men det er ikkje dette eg tykkjer er interessant med denne nettsida. Det interessante er at du kan finne ganske mykje inspirasjon ved å kike på konkurransebidraga.

Må også ta med «Knask på ein fredag» som har endo fleire «nettfunn» frå november.

4 comments

Comments are closed.