Legg bokmål på hylla, og går attende til kvasi-nynorsk

Ah deilig! Ein dag i bokmålsform var meir enn nok for meg altså. Følte ikkje at det var eg som var avsendar til det eg skreiv. Men det var artig å bli med blogger med april-spøk gjengen 🙂

Godt at INGEN gjekk på den forresten.

Ellers:

Ser fram mot litt fleire innlegg her snart, har vore litt lite oppdateringar i det siste. Eg har vore travelt oppteke med ymse webprosjekt, ekstrem arbeidsmengde på jobb, planlegg nye jobben(!) samt at eg vert far for 2. gong innan nokre dagar! Continue reading «Legg bokmål på hylla, og går attende til kvasi-nynorsk»

Ny layout er implementert

Ein dag ut i ferien min og eg har endeleg gjort siste finpuss på den nye layouten til bloggen. Eg vonar at den ikkje er blitt heilt utdatert i den lange prossesen med å gjere den ferdig.

Framover vil det kome mange spanande artiklar som eg har planlagt, men som har blitt lagt på is innan det nye designet var på plass.

Kommenter gjerne om du skulle oppdaga bugs..