Samling av inspirerande design-, illustrasjon- og typografilenkjer

Her følgjer 9 lenkjer eg har lagt merke til den siste veka og som eg gjerne deler med dykk. Håpar at noko fall i smak:

Typografi er Sexy
Her er endeleg ein som har skjøna det! Her finn du mange inspirerande typografiske arbeid som er samla i ein lang og god artikkel.

192 kreative og morosame annonsekonsept
Mykje morosame reklameidear her, dei fleste er trykte annonser

Lær å teikne ein bleksprut i vektor
Søt blekksprut illustrasjon, denne artikkelen tek deg steg for steg gjennom prossesen bak.

Lær å lage  fantasi-natt-himmel i photoshop
Tøff illustrasjon med heftig bruk av trendy «lyseffektar» kombinert med teikneserie grafikk.

Lær å lage  80-talls retro skrivebordsbakgrunn
Stilig skrivebordsbakgrunn, med grungy 80-talls stil.

Blogg design retningslinjer eller tips
Her er mange gode tips og eller retningslinjer når ein skal designe ein blogg.

58 søte monster illustrasjoner
Fin samling av stilige men lite skumle monster. Får lyst å finne fram blanke ark og teiknestiftar!

Tips, hurtigtaster og snarvegar i Adobe Illustrator
Her var ein god del tips til å bli meir effektiv i Adobe Illustrator. Artikkelen er retta mot macbrukarar.

Fargesymbolikk avstemming
Stilig konsept dette, du får opp eit ord og skal velge den fargen du føler symboliserar fargen. Skal bli spanande å følgje utviklinga i fargesymbolikken etter som denne sida blir større.