Silverback – brukertesting for webdesignere

Mange har sikkert vore innom Silverback nettsida, med den stilige gorillaen som John Hicks står bak som frontfigur. Sida vart iallefall hypa ein del dei siste månadene. Produkt er no omsider ute, og det er ei programvare for brukartesting av til dømes nettsider.

Målet med programvara er å gjere det enklare å brukarteste. Dette skal visst være ei vanskeleg og dyr affere, men dei påstår å ha løysinga på dette med Silverback. Måten dei gjer dette på er at dei i staden for å sette opp fleire kamera som filmar både skjermen og brukaren, brukar dei det integrerte apple webkameraet til å filme brukaren, samstundes som dei via programvara tek skjermvideo. Dette blir så kombinert i ei videofil og lagra med namn og bilete i Silverback.

Det virkar jo ganske genialt og kjapt, eg skal gi dei det! Den einaste bakdelen er vel at programvara kun er til mac, eg kjenner jo eit knippe webentusiastar som heller brukar Windows.

Last ned og prøv Silverback  her

Usikker på kor utbredt brukartesting faktisk er på webdesign og webutvikling her i Noreg?

PS. 10% av inntektene til Silverback går til å redde gorillaer 🙂